Arkiv

Slik teiknar du AutoPASS-avtale

Den 3. oktober blir bomstasjonane til Førdepakken sett i drift.

Dette er takstane:

Full pris
Avtale 20% rabatt
Lette køyretøy (t.o.m 3500kg) 26,00 20,80
Tunge køyretøy (f.o.m 3501kg) 47,00 47,00


Har du allereie AutoPASS i bilen din?

I så fall treng du ikkje gjere noko. Dersom du har gyldig avtale og brikke frå eit anna anlegg, får du automatisk full rabatt og andre fordeler i Førdepakken sine bommar.

Har du ikkje AutoPASS?

Førde Bomselskap AS har ikkje eigne AutoPASS-brikke. Det betyr at du må teikne avtale med eit anna bompengeselskap.
Det er det samme kva selskap du vel – så lenge du har ei gyldig avtale og brikke i bilen, får du 20 prosent rabatt i bommane i Førdepakken. (Gjeld køyretøy t.o.m 3.500kg).
OBS, når det gjeld fødselsdato på avtala, skal den skrivast med bindestrek mellom tala.  Eksempel: 01-01-76.

Vi anbefaler deg å teikne ei etterskotsavtale med Bomringen i Bergen. (Sjå rettleiing for Hvordan opprette avtale, i PDF)
Da får du 10 prosent rabatt om du passerar bomstasjonane i Bergen, og så får du automatisk 20 prosent rabatt ved passeringar i Førdepakken.

Brikka kjem i posten. Avtala er gyldig frå den dagen du inngår den.
Passeringar gjort i Førdepakken vil då bli fakturert frå Bergen Bompengeselskap AS.

Kort om innkrevjing av bompengar i Førdepakken

  • Fem bomstasjonar (sjå kart).
  • Innkrevjing i retning mot sentrum, heile døgnet
  • Avtalefordelar som rabatt, timesregel og månadstak.
  • Informasjon om fritak
  • Innkrevjingstida er 12 år

Her kan du laste ned AutoPASS-brosjyren, som gir deg meir informasjon om AutoPASS i Førdepakken. Denne brosjyra vert distribuert ut til alle husstandar i Førdeområdet i løpet av kort tid.
Du kan og lese meir om prosjektene på http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/fordepakken

 

Du bruker en nettleser som ikke støttes av denne nettsiden!

Du bruker en nettleser som ikke støttes av denne nettsiden! Du bruker en nettleser som ikke støttes av dette nettstedet. Dette betyr at noen funksjoner ikke fungerer som de skal. Bruk eller oppgrader / installer en av de følgende nettlesere for å dra full nytte av dette nettstedet.
- Takk!
WordPress Appliance - Powered by TurnKey Linux